Feeds:
Innlegg
kommentarar

Bergen!

No er eg komen te Bergen, etter ein fantastisk tur te Svalbard, nokre hektiske dagar med pakking, utpakking, studiestart++ he ej no starta å få orden på ting. Og ikkje minst ei heimekoselig leiligheit! Eg får ta bilete og legge ut seinare. No er det på tide å kome seg i seng. Eg har hatt ei trivelig helg i familieselskap, og me eit koselig kaffiselskap no i kveld :) Eg likar Bergen, og alle menneska her! :)

Gratulerer med dagane!

Gratulerer så utruleg mykje med dagane i dag og i morgon!

Eg er veldig glad i dokke begge to <3

IMG_2331Bilete frå feiringa i går! <3

Artikkel i Møre Nytt..

I går var eg så heldig at eg fekk det som vart skrive om meg i Møre Nytt i januar/februar i pdf format :D Så til alle dokke som ikkje fekk lest det i Møre Nytt klikk her Ingrid Lothe Eldholm :) Det er kjekt å ha kjenntfolk rundt om kring! Intervjuet handlar om meg på Høgtun fhs :)

Traktortreff!

Traktortreff.. ja, du las rett. Eg var visst på traktortreff idag.  Eller eigentleg så var eg på konsert i løda til Guri inn i Dalsfjorden, med Dalsfjorden bluegrassband :D Endelig fekk eg sjå og høyre Guri på munnspel, song og gitar! Ho e fantastisk flinke! :D

Det vart i alle fall ein kjekke kveld. Med båt inn og ut att, mykje raskare enn med bil! Kjekt, kjekt! :D

Pressefoto1

Eksamen?

Då må eg til å tenke tanken igjen.. eksamen.. kva var no det? Eg har i alle fall fått ein eksamen i bursdagsgåve. Det blir nok artig, i alle fall feiringa. Eg kan feire dobbelt ;D Jess, eg ser fram til eksamen den 2. oktober!

IMG_0477Ei som veit når ho skal ha sin første eksamen, og ei som lever i håpet om at ho ikkje skal ha eksamen!

IMG_0749
Då skal eg reie / disse ute i hagen !

IMG_0758

Gå i byn saman med gode gamle og nye vener :)

Det er ikkje lenge igjen no!

Kake!

Tenkte eg berre skulle legge ut nokre bilete av kaka eg laga til barnedåpen eg var i, i dag :)

DSCN2302
Det ferdige ressultatet!

DSCN2279
Fyst laga eg sukkerbotn, som eg delte i tre lag. (Meget stolt av at den vart sopass høg!)

DSCN2281
Så fyllte eg det nederste laget med bringebærmousse og jordbær
DSCN2282
Det neste laget hadde eg berre bringebærmousse

DSCN2300
Slik såg den ut med alle laga..

DSCN2301
..så smørte eg den inn med smørkrem. Namm!

DSCN2305
..og la på marsmallows foundant og pynta :)

Eg vart ganske så fornøgd med ressultatet :)

No har eg kome heim att til Volda etter to veker på farten, dette må vere tidenes sommarferie!

Det heile starta med at eg og Anna Elise sette oss på bussen til Bergen, det va ein dryg busstur (ja, sjølv om det berre er 7,5 t, så er det TO timar meir enn kva det er med bil!) Vel framme i Bergen, innlosjerte me oss hjå Tante Åshild. Dagen vart avslutta med reker på balkongen.

Onsdag bar det av garde til byn, første avtale var med Hanne (mi barndomsvenninne og brevvenn). Det vart litt sosing rundt i byn, og eg fekk endelig levert bileta frå fhs-året til framkalling! (No har eg 300 bilete liggande klare til klipping og liming til album. Eg må nok satse på litt dårlegare ver framover;) ) So var tida komen for å hente Cathrine Sevre på båten, eit utrulig koselig gjensyn. Hanne for på jobb, og Cathrine og Anna var pent nøydde å bli med å sjå på leilegheita mi. Så vart det is på bryggen og litt shopping før Cathrine tok toget heim til Nesbyen. Så bar det av garde for å sjå på kollektivet til Anna. Og trur du ikkje, at me gjekk rett på Cathrine J og Sondre?! Eg var særs fornøgd med dagens ”Høgtunfangst” . Tilbake til ne tante vart det grilling på balkongen, og seinare eit kveldsbad i sjøen. Dei to neste dagane vart det for min del soling og bading på knausane, medan Anna reiste nordover igjen. Tante måtte som andre døyelege på jobb. Skal seiast at eg rakk ein tur på IKEA også ;)

IMG_0763Grilling på balkongen
IMG_0768
Kveldsbad i Bergen


Vidare gjekk turen til Stavanger med hurtigbåten. Steffen henta meg, og me for strake vegen til Jæren til Sveinung, der me møtte ein god Høgtun-gjeng. Utpå natta reiste me tilbake til Stavanger og sov omtrent til me vakna av lukta av nysteikte rundstykke. Etter ein god frukost for eg, Steffen, Stephen + litt av familie av Steffen på Preikestolen. Jedda, gå i kø på fjellet.. Sidan det var 19 år sidan eg hadde vore der sist, kan eg vell tillate meg køgåing i fjellet sånn kvart 20 år ;)

DSC00122Stephen, meg og Steffen på Preikestolen


Tilbake bar det, og me sette kursen ut mot Nesset CK sin base under NM. Det skal seiast at eg helste på Kurt Asle Arvesen. Sånn for dei som skulle slumpe til å vite litt om sykling!

Sidan fellesstarten på søndagen skulle vere i Sandnes, sov me like godt hjå Sveinung (den kjellaren var verkelig godt besøkt i løpet av NM veka!) På fellesstarten vann Kurt Asle, noko som var til stor glede for dei fleste av oss frå Høgtun. Og eg såg mitt første sykkelritt!

Etter to flotte dagar i Stavanger, bar det vidare til Helene på Birkeland. Vel framme etter bilturen vart det eit herlig kveldsbad. (Her skal det nemnast at Helene såg på at eg og dei små syskenborna hinna bada!)  Måndagsmorgon tok eg, reisevandt som eg begynte å føle meg, bussen til Kristiansand. Der viste Krister meg litt av byen og slikt, før det bar av garde til Sørlandssenteret der me møtte Simen F og Hanne. Litt shopping der, før me for på stranda og åt lunsj. Sørlandsidyll.. Utpå ettermiddagen reiste me, unnateke Krister, tilbake til Helene. Der vart det grilling og ein tur til Lillesand. Dagen etter var me eigentlig veldig klare for solings, meeen når skyene skuggar for sola måtte me gjere noko anna. Ein biltur til Lillesand og Grimstad vart det no på oss i alle fall! Tilbake på Birkeland vart det faktisk soling i hagen der!

P1010056Grilling hjå Helene. Simen, Hanne og Helene


No begynte det å nærme seg Skjærgårds, og alle fire sette kursen mot Ole Marius og Sørlandet Camping. På campinga til Ole Marius fekk me lagt oss inn på nokre rom, før me omtrent sprang ned på stranda. Veldig klare for soling (og nokre av oss litt ivrigare på bading også!). Då det nærma seg middagstid, dukka både Steffen og Harald opp frå kvar sin kant. Me fortærte eit herlig grillmåltid med dessert, tusen takk for nydelig mat til Ole Marius sin mamma! Det vart ei hyggelig stund på verandaen, før eg måtte køyre ein tur inn til E18. Der kom nemleg Hans Petter med bussen og ville vere med på moroa.

P1010066Grilling hjå Ole Marius. Steffen, Simen, Ole Marius, Helene, Hanne og Harald


Torsdagsmorgon var me flinke ungdomar, me sto opp tidlig for å få mest mogleg ut av dagen. Ole Marius hadde lovd oss båttur til Risør og vidare til Risøya på SG. Nede på brygga lessa me opp i båten, som var større ein dei fleste av oss hadde håpt på. Men det var nok bra det, med tanke på all bagasjen og alle folka den skulle romme! Bikiniane kom fort på, og det blei heftig diskutert kva solfaktor / gullolje som gjaldt. (Ut på ettermiddagen var det nokre som kom krypande til korset og ville ha faktor 20 likevel.)

P1010076Båttur til Risør. Simen, Ole Marius, Harald, Steffen, Hans Petter, Helene og Hanne

Første stopp var Risør, no var det sørlandsidyll så det haldt. Kome i land med båt, ete is i varmen og vere med gode venna. Kor mykje betre kan det bli? Frå dei som kjøpte kule-is kunne det rapporterast om megastore kuler! Eg trur også me såg Myggen (men han er kanskje ikkje så kul lengre, sidan han har lagt opp.. okej.. rett meg dersom dette var totalt feil. Fotball + meg = null peiling..) Uansett, no måtte me sette kursen mot Risøya. Men først måtte me sette i land Harald som ikkje skulle vere med på SG. For oss andre vart den timen det tok å kome seg til Risøya, via Lyngør, brukt til soling, prating, nyting av livet ++  nokre hadde også underhaldning med  å sjå på sørlandsjenter som kjørte båt og bada + diverse fuglar som var litt nærgåande (noko som førte til store latterutbrot for oss andre).

P1010068Steffen, Hanne og Simen


Så var me komne til Risøya og jakta på andre Høgtun-folk starta. SG var eit kapittel for seg sjølv. Så det får eg skrive om i eit anna innlegg trur eg. I alle fall, då SG var ferdig tok me båten tilbake til Ole Marius. Oje, den dagen var det sjø, det gynga kan du seie. Men ingen vart sjøsjuke so det gjekk bra. Ein etterlengta dusj vart tatt på campinga før eg, Simen og Hanne sette kursen mot Oslo. Eg hoppa vel og merke av i Stavern. Der eg hadde tre flotte dagar. Dei hadde vore så snille å bestilt ”heimleg” ver til meg, sånn eg skulle føle meg litt heime. Det regna alle dagane eg var i Stavern! Men eg fekk testa ut badeplassen i Skråvika, og eg fekk sett ein rosa septikktankbil! (Tenk på det du Anna!) Og ikkje minst trefte eg Kristian, det var med livet som innsats. Fann han tilslutt bak alle mjølka på kjøla!

P1010093
Hans Petter etter eit deilig kveldsbad i regnet

Takkar alle som har husa meg for ein fantastisk tur og ein fantastisk ferie! Og alle de andre eg har møtt som har gjort ferien komplett :D

Kommenter! :D

Det kjem snart eit nytt innlegg, eit looongt eit. Men fyst må du som lese kommentere litt! :D Då verte det so mykje kjekkare ;D

God natt :)

Det var ein gong ei jente som var på Skjærgårds på Risøya. Der var ho saman med mange vener frå Høgtun, og nokre av dei campa i og utanfor båten til ein av dei. Denne ettermiddagen var det ein gjeng med svoltne Høgtuningar som sette kursen mot Lyngør. Medan denne jenta som historia handlar om valte å vere igjen på Risøya. Men ein heil dag med gåing, mykje sol og mykje lyd tek på. Ho vart med eit fryktelig sliten, men kva skulle ho gjere? Båten med ”senga hennar” var jo vekk! Heldigvis for jenta, kjente ho fleire som var på denne festivalen. Med dagens teknologi var det berre ei melding unna ”Duu, kan ej låne madrassa di, ej e so utrulig gåen. Og båten me senga mi e på tur..” Sidan jenta fekk positivt svar, gjekk ho til den store lavvoen og fann ei brei og god luftmadrass. Ordentlig rulla ho døra til side, slik vinden kunne gi nokre friske pust i den drepande heita i lavvoen. Ikkje før hadde ho lagt seg ned, sovna ho. Då ho ha sove ei stund vakna ho av ukjente stemmer som prata. Dei stilte seg spørsmål om kven denne jenta var, kvifor ho låg der, om nokon kjente henne, og kven si madrass ho sov på? EG følte meg med eit veldig som Gullhår!

Okej, kanskje ei dårlig historie.. skreve medan eg er passe trøyt og senga her fristar (ikkje det at eg har senga mi her lengre.. den har allereie flytta til Bergen.. eg saknar den gode madrassen min!) Meeen der en heilt sann, og det vart ei artig historie tilslutt ;D TUSEN TAKK for lånet av madrass Per-Eirik, diggar deg!

DSC01576Eit gamalt “akkurat vorte vekt bilete” frå ein speidartur..

Eldre innlegg »