Hjelp! Det har starta å gå opp for meg at eg faktisk må ta eit reelt val. I dag kom det nemleg to brev til meg i posten! Det eine var ein liten konvolutt som eg ikkje skjønte stort av før eg opna den. Det var passet mitt som eg bestilte på torsdag. Eg er imponert over kor fort ting verkeleg kan gå! Så no er eg klar som berre det til å reise på skuletur til Berlin ;D Men det var det andre brevet som var det viktige i dag. Det var brev frå Høgtun om at eg har kome inn på Friluftsliv -Topp 30. Og at eg har fått plass på turen til Kenya. (Det er mulig dei flyttar litt på dette reisemålet, at ein skal holde seg til Tanzania og Zanzibar. Sånn viss du skulle vere i tvil.) Så no må eg verkeleg velje. VANSKELIG!
I dag har eg, for dei interesserte, kome eit stykke vidare på særemnet. Dagen i dag vart tilbrakt omtrent slik: Vakne, sjå ut gjennom glaset og berre dra gardina at slik at eg ikkje skulle sjå at sola skein. Så las eg i bok ein time. Åt frukost. Skreiv litt om eine hovudpersonen i boka. La meg i senga og las. Skreiv litt meir… ikkje så veldig spennande, men det måtte gjerast!
Ikkje uventa har eg også surfa litt på nettet. Måtte sjølvsagt finne ut kva som sto om gårsdagens bussvelt på nettet. Grunnen til at eg ikkje var med på den bussen var at eg må skrive særemne og lese til kjemiprøve. Den mest usaklige artikkelen var den eg fann på Bergen Tidene si nettside. Og berre for å ha sagt det: Det er faktisk fullt mogleg å reise frå Ørsta til Volda via Sykkylven. Kor mykje tid ein sparar er noko anna. Frå spøk til alvor, etter det eg har forstått går det bra med alle som var med på bussen. Håpar dei kjem seg fort og har det heilt knall på VT. Eg skulle gjerne vore der!
