Kva gjer ein når ein oppdagar (på fergekaia) at siste ferga frå Lauvstad gjekk for ein time sidan?
-Jau, ein køyrer rundt Dalsfjorden til Folkestad.
Kva gjer ein så når ein innser at det er 40 min til ferga går frå Folkestad til Volda?
- Det er ikkje lengre å køyre rundt Austefjorden enn at me gjer det!
Og berre for å ha maks flaks på denne strabasiøse bilturen, så var det vegarbeid i Rostsethorntunnelen. Noko som tilseier at den tida me i utgangspunktet sparte på å køyre rundt Austefjorden, gjekk med til å vente på ein følgjebil. Men ein artig biltu, det var det!
Dersom du lurar på kvifor me havna på denne strabasiøse rundreisa?
- Fordi Per-Eirik ikkje kan å lese fergeruter!
Men det gjor eigentleg ikkje så mykje. Me hadde ein fortreffeleg kveld, og fekk bada i sjøen før 1. mars! =D (Vitner til det heile var: Guri, Per-Eirik, Sindre, Harald, Henrik, Hilde og Ingrid) Dokumentasjon i form av bilete kjem etterkvar…
ååh, ej me hadde lyst..! :/
SHITT, du såg helt død ut på de bilde i midten, æsj de va ekkelt!
Ej veit! Men ditta e faktisk eit av dei beire. He ett so e enda verre! Osso nåken so e morsome då, sånn der me blese ut loft å sånn;) Jeej, du skal få sjå alle på mandag;D