“Den dagen Dag Helge kjem og hentar meg med ambulanse skal eg ta beina fatt (same kor låkt eg har det) å springe!”. Det er i alle fall det eg har sagt. Av alle ambulansane som var med på øvinga hamna eg altså inn i den Dag Helge kjørte. Så det vart mykje fliring då eg var fastspent på båra, og fortalde det resterande personellet i bilen, kva eg hadde sagt om å sitte på med Dag Helge under utrykking. Dersom du lurer på kva grunnen var til at eg måtte ha ambulanse: eg hadde beinbrot i lår og legg. Eg må seie det var ei perfekt skade. Eg var sistemann som vart frakta ut med ambulanse, så eg fekk med meg mykje av det som skjedde i tunnelen. I motsetning til dei stakarane som vart frakta vekk med ein gong;) Eg stortrivast i rolla som markør, berre eg får litt blod og litt rundt meg.
Slik at dei som har problem med bakgrunnsinformasjonen skal skjøne kva det er snakk om: Det var øving i Eiksundtunnelen slik at ein veit at alt som har med sikkerheit i forbindelse med t.d. ulykker fungerer. Scenarioet var at ein personbil krasja med ein buss, i bilen satt to personar fastklemde og i bussen var det fleire skada. Det var både fysiske skader og personar som var i sjokk. Ein hadde også fått med bilar som kom til skadestaden rett etter ulykka. I tunnelen var det røykutvikling, lyset var gått og hyling og skriking. Ei realistisk og god øving!
Skal prøve å få fatt i nokre bilete etterkvar! Det ligg ein del rundt om på nettavisene, bl.a. Nernett og Sunnmørsposten.
