Då var det på tide å oppdatere litt her! Ferien i Frankrike var bra, men den får eg heller skrive om eingong seinare.. ..dersom eg får tid! Eg har ikkje hatt så mykje tid sidan eg kom heim, eg pakka, sa hade til venar og så kresja maskina mi. Men heldigvis svikta ikkje dei IT-ansvarlege på Volda VGS meg, og backup er ein bra ting som kan ambefalast på det sterkaste!
Her på Høgtun går det stort sett i eit, eg har no vore her i ei veke, men gjort utrulig mykje! Dei siste dagane denne veka var linja mi, Topp 30, på tur til Molladalen. Utan om at veiret ikkje heilt var med oss var dette ein super tur. Endeleg fekk eg oppfyllt draumen min om å klatre på bladet, og det beste av alt: Eg sto på toppen, ikkje på ein fot, men eg sto!
Eg står på toppen av Bladet

Eg er på veg ned

Eg, Simen og Julia ventar på å klatre bladet.

Simen, eg, Steffen, Marit og Sondre på Jønshornet.

Natt på teltplassen i Molladalen
Sånn elles går det i slakklinegåing, OL-sjåing, brannøvelse, turar på “Joker” og pynting av veggen på rommet mittJ Det byrjar å bli ganske så fint her! På onsdag reiser heile skulen på “bli kjent tur” til Frænabu, det blir nok utulig kjekt! Og alle som vil er hjartleg velkomne til å besøke meg, skal du til Molde, Kristiansund eller Trondheim? Sving innom Torvikbukt!

Elles blir eg veldig glad for post, det kan vere kjekt å få noko anna enn Møre i posten! Addressa mi er no: Høgtun fhs, 6639 Torvikbukt
Ein annan stor ting som har skjedd denne veka er at lisje Isak kom til verda. Han såg dagens lys den 20.08.2008 (eey, tøff dato). Så frå og med no slepp eg å seie at eg ikkje har syskenborn, no har eg nemleg ein! Eg gler meg til å kome heim og sjå den nye skapningen. Det kan ikkje bli for lenge til!
Eg skal prøve å oppdatere litt oftare no, berre internett kjem tilbake på rommet mitt.. det kresja, så dei skal få fiksa det etter kvart;)
Isak:)