I dag er det ein slik dag, der ein får lyst til å leite fram hoppestrekk, rulleskøyter og paradis. Ute liknar det mest på vår, kanskje er våren i anmarsj allereie? Vestlandet er verkeleg vakkert no, det viser seg frå si beste side. Noko det på ingen måte gjorde i vinterferien. Då såg eg fjella heime skikkelig to dagar! Men hadde det vore så fint heile tida, då hadde me nok ikkje gleda oss like mykje over dei verkleg flotte dagane!

Så dagen enda med ein tur til trimposten saman med Eldrid, og ein tur langs vegen saman med Cathrine i solnedgangen. Veldig koselig og veldig fint!
På kvelden var det samtalegruppe, me enda med å sjå “Da damene dro”, artig program det altså. Eg må seie meg særs imponert av han som baka bursdagskake, eit sjørøvarskip og ei borg!

Vestland, Vestland
Å Vestland, Vestland når eg ser deg slik
Med fagre fjell og fjord og tronge vik.
Det stig i all sin venleik stort og vilt
Og atter møter meg so mjukt og mildt.
Og gleda strøymer i meg still og stor
med glans av bjørkeli og blåe fjord
Og i meg sjølv eg kjenner dypter av
den stille skogen og det store hav.
Min lette båt ein solblank kveld eg ror,
sjå fjell og himmel sym på stille fjord
og djupe dalen med sitt grøne fang,
som skin av lauv og blom frå li og vang.
Sjå skuggane som kliv dei kvasse fjell
lik dagsens timar tøyer seg mot kveld
Det sveiper seg om tind og tronge dal
eit draumeslør av sommarnatti sval

Cathrine i solnedgangen<3
Ja d æ våren, e kjenne sevjå stiiiig i krøppen….å prøva å komme se ut nasen, augene, og gi me pustebesver……TRAVELT MÆ ALLERGI!!!!!!!!
Å Vestland, Vestland når eg ser deg slik
Med fagre V.A.R.G. ifrå Ulsteinvik.
Du ser ein kar så sprudlande og fin
Åå – han kjeme ifrå Ulsteinvik!