Eg blir så glad, eg har hatt ein effektiv dag idag. Og den innebar fleire timar med eksamensøving også!
Synstest, effektiv julegåvehandel (eg har gløymt å handle alt eg trengte her i huset då, meen!), laga knekkebrød og julegodt!
Så avslutta eg dagen med Jul på Månetoppen, saman med nytrekt kaffi og nysteikte knekkebrød! Ah, tusen takk for kaffi i posten Ole Kristian! :D
Det er vell eigentlig ikkje så mykje meir som skjer om dagane, det går i vektorar, diff.likningar, laplace, implisittderivasjon og grenseverdiar… og ikkje minst komplekse tal, og eg vert ganske surrete av heile greia. Men det er fantastisk dei gongane eg klarer å løyse oppgåvene heilt av meg sjølv, hurra for det!

Også trur eg at Steffen syns eg skal ynskje meg nytt viskelær til jul, so veit dokke det!
Også fann eg ut at det hadde vore veldig greit med sånn dings til å lage potet/kålrabistappe med. Det var ikkje så kult å kneke potetene med gaffel!;)